Sportsfiske etter laks og sjøaure i Årøyelva går attende til 1840-åra. Det var på den tida at velsituerte engelskmenn oppdaga Noreg som eldorado for sportsfiske.  Rundt om i dei kjende norske laksevassdraga starta dette eventyret om lag samtidig.

Ser vi då nærare på tida etter 1860 og fram til i dag har utleige av fiskeretten i Årøyelva vore ein uavbroten tradisjon bortsett frå krigsåra 1940–45.

Det ser ikkje ut til at første verdskrigen frå 1914–18,  medførte stans i fisket.  Depresjonsperioden i 1930 åra medførte heller ikkje mindre interesse for å leige sportsfisket.

Årøyelva har ei lakseførande strekning på berre 1.500 meter.  Laksen kunne tidlegare gå opp til den 20 meter høge Helvetesfossen.  Der var det stopp.  Etter den siste kraftutbygginga i 1983, er dette endra noko, då fisken kan gå opp i utløpskanalen til kraftverket. Men, elva er stri og sterk, laksen er svært karakteristisk, breid og kraftig.   Dette har gjort elva namngjeten blant sportfiskarar over heile verda.    Få lakseelvar i Noreg, om nokon, har hatt fleire eksemplar over 30 kilo.

 

Fangstmengdene har variert mykje dei siste tohundrede åra som det ligg føre meir eller mindre sikre tal for.  Dette har dels naturlege årsaker men skuldast nok i hovedsak variasjoner i den til ei kvar tid, aktuelle beskatning i sjø og elv.



1860-decenniet er eit interessant tiår med omsyn til lakseforvaltninga i Noreg etter at Fiskeetaten vart oppretta i 1855.   Lakselova av 1863 med tilleggslover av 1866 og 1869, innførte regulering av sjøfiske, fredningsreglar og regulering av reidskapsbruk i elvemunningane og innføring av fiskeoppsyn. Samtidigt vart det satsa på bygging av klekkeri og omfattande kultiveringstiltak over heile landet.

Nesten utan unntak medførte dette ein stor auke av fangstmengda i elvane og gjorde sportsfisket meir attraktivt.

Det høyrer no med til historia at det i dei åra som har gått sidan 1860, har vore mange framståande personar som har leigt fiskeretten i Årøyelva.  Og like mange er dei berømte personane som har fiska i elva ein eller fleire sesongar som gjester og/eller leigarar av hovedmennene.

I det første tiåret som  blir omhandla her, frå 1860 til 1870, var det engelskmennene godseigar Young, oberst Fuller og lord Russel som leigde fisket i storparten av sesongen.  Sistnemnde vart visstnok stanga i hjel  av  ein bøffel i Afrika. Fiskesesongen den gongen gjekk frå om lag 15.mai til 15.september, men dei var ikkje her heile denne tida.   Laksefisket vil normalt ikkje ha noko særleg omfang før i byrjinga av juni og fram til slutten av august.   Det sokalla Jonsokinnsiget har tradisjonelt markert høgdepunktet på laksesesongen.  Sjølv om mykje er annleis i dag og ein generelt har den oppfatninga at naturen har endra seg, så tykjest laksen sitt vandringsmønster og alt som høyrer med til dette å ha endra seg lite i den perioden som er omhandla her.   Rett nok ser det ut til at rekordlaksen på meir enn tretti kilo høyrer historia til.  Dei store ruggane er der endå, sjølv om dei er færre.   Men, det ser ut til at dei kjem seg i sikkerheit før sesongen tek til no i dag.

På byrjinga av 1860 kom også dei første nordmennene,  eller rettare sagt bergensarane inn som leigetakarar.  Det er vel ikkje så unaturleg at spesielt bergenske kjøpmenn gjennom si handelsverksemd hadde internasjonale kontakter og då spesielt med England og dermed, i tillegg til at dei sjølve var ivrige sportsfiskarar, også kunne formidle kontakt med sine engelske læremeistrar.  Det var då kjende personar i Bergen som konsul Albert Gran og kjøpmann Dankert Kahrs som var dei første.

Kring 1870 sneik der seg inn ein tyskar, baron von Bulsingslöwen som kom og gjekk etter nokre få sesongar.   Etter han kom amerikanaren Harbeck og den engelske aviseigaren og bladmannen lord Ingram.

Ein annan kjent person var engelskmannen Wilfred Kennedy.  Han var den første som skreiv ein mangeårig leigeavtale.  Wilfred Kennedy var som kjent busett i Sogndal.  Han eigde og budde på Bahus som seinare vart legebustad og der Sogndal Hotell no ligg.  Kennedy var ein driftig kar og starta fyrstikkfabrikk på Foss. Fabrikkken vart seinare ullspinneri og veveri.  I nyare tid var dette der Lerum Konserves hadde det såkalla Fossanlegget som no er blitt hovedkvarteret til Høgskulen i Sogn og Fjordane.  Wilfred Kennedy døydde i Sogndal og vart gravlagd på Stedje.  Han var utstøyt og kjøpt ut av familieverksemda heime i England fordi han vart forelska i og gifte seg med ein omreisande indisk sirkusartist og linedansarinne.  Det passte ikkje inn i den fine aristokratiske engelske familien.

Etter at Kennedy var død kom bergensaren, konsul Albert Gran attende i posisjon.  Han leigde ut elva for det meste til utlendingar.  Frå 1.januar 1901 vart det inngått kontrakt for 15 år med konsul Thorvald Beyer frå Bergen.  Denne avtalen var tinglyst i 1897.  Allereie i 1899 vart denne kontrakten forlenga med  nye 25 år.  I denne avtalen sikra også Beyer seg førsterett til leige eller kjøp av fossen om kontrakten med ein konsul Evensen skulle tre ut av kraft.  For denne siste delen av avtalen skulle Beyer betale årleg leige med kr 3.000,00.  Men, då var jaktretten på eigedommen inkludert.   Det var med andre ord planar om kraftutbygging i Årøyvassdraget, men dei vart ikkje realisert før i 1944.

Kontraktstilhøva med konsul Beyer vart etterkvart konfliktfyllte og det høyrer med til ei anna historie at avtalen om fallrettane gjekk over på andre hender.

Konfliktar på eit område var ikkje til hinder for stabile tilhøve med omsyn til framleige av fiskeretten.  Engelskmannen, oberst og lord Percy Hargreaves, sikra seg fiskeretten tidleg på 1900-talet.  I 1906 bygde han det flotte sokalla ”Engelskhuset”.  Dette var eit staseleg byggverk med to store fløyar som var knytt saman av ein stor svalgang og med eit gardsrom i mellom.  Arkitekturen minna mykje om engelsk kolonistil.   Huset kom sjøvegen frå Van Severen i Namdalen, levert som ferdig byggesett. Huset vart sett opp av lokale handverkarar under overoppsyn frå medsendt byggeleiar frå sagbruket i Trøndelag.

Lord Hargreaves hadde utmerka seg m.a. i Boerkrigen frå 1899-1901.  Han var og nær ven av dåverande prinsen av Wales, seinare kong Georg V av England med tilhøyrande herligheiter.  Som prins av Wales var han i Nidaros i 1906 som representant for det engelske kongehuset i samband med kruninga av kong Haakon og dronning Maud.   På heimveg var han invitert av lord Hargreaves på laksefiske i Årøy.     Prinsen hadde sin private yacht, eit ombygd krigsskip, som vart ankra opp i Barsnesfjorden utanfor elvemunningen.

Lord Hargreaves var i Årøy til og med sesongen 1920.   Han vart då etterfølgd av den legendariske og myteomspunnene eksilrussaren Nicolas Denissof.

Det må nemnast at det var i lord Hargreaves si tid at dei omfattande fiskeinnretningane vart bygde.    Hertugen av Westminster var og ein ven av lorden og han fiska her fleire sesongar før og under den første verdskrigen.   Hertugen hadde med seg ein ven, major W. J. Smith.  Han var ingeniør og tenestegjorde under 1.verdskrigen i det kongelege engelske ingeniørvåpen.  Allereie før krigen hadde han teikna og planlagt den store fiskebrua som kryssar den øvre delen av elva i det svært strie partiet.  Spesielt er det stritt og imponerande om sommaren då elva kunne gå med ei vassføring på opptil 130/140 m3/sek.  Dette brusystemet og mange av dei øvrige innretningane med fiskebruer og sløgardar (straumbrytarar) m.m., slik som dei for det meste står den dag i dag, vart bygde i 1919 etter major W. J. Smith sine teikningar.

Nicolas Denissof fortener mest ei heil bok åleine. Han utgav seg for ingeniør og at han hadde leia utbygginga av den transsibirske jarnvegen og at han og hadde hatt eigarinteresser i jarnvegsselskapet. Han var nok ein betrudd tenestemann hos den siste russiske tsaren Nicholas II, men om det er rett at han var finansministar hos tsaren fram til revolusjonen i 1917, er det umuleg å finne historisk dokumentasjon for.

Han var og er ein legende. Og han disponerte elva frå 1921 til og med 1965, gjennom framleige og direkte leige etter at Thorvald Beyer sin kontrakt gjekk ut i 1941.

I 1965, i ein alder av 95 år, ville han fornye kontrakten for ytterlegare 10 år.  Det vart det ikkje noko av.  I sinne og irritasjon over avslaget let han den omtalte fiskervillaen, ”Engelskhuset”, gå til riving i staden for at grunneigaren kunne ha fått eit tilbod om å overta huset.    Han døydde i Paris i 1969 i ein alder av 99 år for eiga hand i følgje ryktene.  Han hadde vore blind dei to siste leveåra og det var nok ein tilstand som passte den mannen dårleg.

Det går og gjetord om alle hans dameforhold.    Den vidgjetne moteskaparen og som har fått parfymemerket Chanel oppkalla etter seg, Coco Chanel, var Denissof si elskarinne i mange år.

Ho hadde visstnok og hatt eit forhold til hertugen av Westminster som hadde fridd til henne.

Han fekk, som alle andre før og etter, avslag. Og grunnen var at det var mange framståande kvinner som hadde blitt gift med hertugar av Westminster, og sannsynlegvis ville det bli fleire fru hertugen av Westminster i framtida.  Men det var berre ei Coco Chanel!

Coco Chanel budde heile livet i Paris og disponerte fast ein suite i det fasjonable Hotel Ritz. 

Eigaren av hotellet, den legendariske Charles Ritz, var ein lidenskapleg laksefiskar.  Som ven av Denissof fiska han mange sesongar i Årøy i mellomkrigsåra.

I denne perioden fiska og den mystiske indiske storfyrsten maharajah Holkar of Indore i Årøyelva  nokre sesongar.  

Eigaren av Hardy-fabrikken i England, berømd for sine fiskestenger, sneller og anna fiskeutstyr, L. R. Hardy, vitja Årøy kvart år i perioden 1934 til 1936.   Det vart då laga ein reklamefilm frå fisket i Årøy med Hardy-stenger og tilhøyrande fiskeutstyr.   Det var mykje utstyr som fiskefluger, taum m.m.,  som var spesiallaga for fiske i Årøy.  Dersom prøven der vart bestått så kunne utstyret tåle kva som helst elles i verda.

Det kan vera på sin plass å avslutte denne 100års epoken med følgjande historie.  Finn de Lange som i si tid dreiv fiskeutstyrsforretning i dåverande Kristiania fortalde om ein fiskar som kom til forretningen hans for å kjøpe snøre som passa for Årøyelva og vart anbefalt noke som etter kunden si meining var altfor tjukke: ”Jeg skal da ikke fange hval”, sa kunden. ”Nei”, svarte Finn de Lange, ”men De skal fiske Årøylaks, og de er verre.”

Frå 1966 byrjar ein ny epoke i Årøyelva.  Apotekar Erling Moe-Berntsen overtok leigekontrakten det året.  Han gjekk bort i 1970.    Kontinuiteten var imidlertid sikra.  Noverande leigetakar, franskmannen Jacques Bemberg, kom til Denissof allereie i 1955 og er no i ein alder av 77 år, nestor blant sportsfiskarane som held dei gamle tradisjonane i hevd på same måten som dei engelske lordane starta det heile for meir enn 150 år sidan.

 

Arnt Hovland Munthe

 

I 2012 hadde Bemberg sin siste sesong her hos og en lang epoke med langtidskontrakter på noen få fiskere var over. Vi er takknemlige som har hatt en slik gentelmann som Bemberg alle disse årene – 56 år ble det til slutt. Ikke dårlig.

 

Fra 2013 begynte vårt nye konsept hvor vi står for alt; mat, guiding, hele elven for dere selv. Med respekt for alt det som har vært, det som fortsatt er, så skriver vi nå ny historie langs elvebredden av Årøyelven.

 

Knut Munthe Olsen